Kvitleik

Hardcover, 71 pages

Norwegian nynorsk, Norwegian language

Published Dec. 31, 2022 by Det Norske Samlaget.

ISBN:
978-82-340-0981-5
Copied ISBN!
4 stars (1 review)

I den mørke skogen.

Ein mann køyrer av garde utan å vita kvar han skal. Han vekslar mellom å ta til høgre og til venstre og kjem til slutt inn på ein skogsveg med djupe hjulspor. Han stoppar ikkje før bilen står bom fast i ei tuve og kjem korkje fram eller tilbake. Det byrjar å snø, det blir mørkt og kaldt. I staden for å gå etter hjelp går mannen innover på ein sti i skogen. Han gjer det sjølv om det allereie har vorte så mørkt at han knapt ser noko mellom trea, og sjølv om han tenkjer det er toskeskap å gjera slikt.

«Særleg verre enn dette hadde eg vel aldri oppført meg, fyrst køyre bilen min fast og så gå inn i skogen for å finne hjelp, korleis kunne eg vel koma på tanken at det var hjelp å finne i skogen, i svarte skogen inne, …

1 edition